Stock Photos from 123RFNår eg ser ut over ein klasse ved starten på ein skuledag kan eg bli slått av det mylderet av tanker som finns der bak dei forskjellige forseggjorte sveisane. Dei har strevd seg frem til skulen kvar på sine vis. Nokre med frukost i magen, nokre på skranglete mopeder gjennom morgenrushet. Nokre har ein krangel med mamma friskt i minne, andre har ei god matpakke og eit kyss på kinnet i bagasjen. Så er me her samla i samme skjebne i 45 minutt. Korleis skal eg (som og har min kaotiske småbarnspappa-morgen bak meg) klare å nå dei, vekkje dei og klare å pense dei inn på det eg har å formidle? Finns det ein måte å undervise på som gjer at det brede spekteret av elever som til ein kvar tid er til stades i eit klasserom kan få utbytte av undervisninga og gå videre med nokre nye tanker og nysgjerrighet.
Fleksibilitet og nysgjerrigheit.
Som med all anna kommunikasjon er det viktig for det som hender i klasserommet at det er ein tosidig sak. Sjølv om reglane for kommunikasjon i klasserommet nødvendigvis er forskjellige frå den daglige ein til ein kommunikasjonen vi har i samtaler med venner eller kolleger, vil det til ein kvar tid være ein straum av tilbakemelding frå elevene som det er viktig at læraren er seg bevisst og navigerer etter.
Eg har mange gonger stått i undervisningssituasjoner der eg har sansa at no er eg på vei til å miste dei.. Konsentrasjonen glipp, dei dukker ned i datamaskiner, skribling på penalet, små samtaler på kryss og tvers, og bare dei aller mest høflige sit der og later som dei er interesserte. I slike situasjoner har eg funne at lærarens aller viktigste ”våpen” er evna til å utvise fleksibilitet, å kunne improvisere, overraske og få læringa ovar i ein annan form. Gjerne ved å skifte undervisningsmetode, eller grep innen det fagområdet vi arbeider med.
Til dømes å gå frå muntlig foreslesning, til å vise ein film , setje i gang ein elevdiskusjon, eller spele musikk, vise eit kunstverk som relaterer, utfordrer og inspirerer.
For å kunne oppnå ein slik fleksibilitet som lærar, meiner eg , som nevnt fyst og fremst at det er essensielt å lytte til dei uformelle tilbakemeldingane / kommunikasjonen som elevene formidler gjennom sin holdning til stoffet i klasseromssituasjonen. Utover dette er det særs viktig at læraren utvikler sin egen bevissthet korleis han eller ho jobber med stoffet på forhånd. For meg er det nærmest eit livsvalg å tilnærme seg verden på ein nysgjerrig måte. Eg vel å oppsøke kunnskap om det meste på flest moglege måter heile tida. Slik er eg, men eg har merkt at i klasseromssituasjonen gjev det meg eit stort register å spela på. Som eg og i det seinere har byrja å bli meir bevisst på, og setje i system. I praksis gjer det at når eg forbereder meg på eit faglig løp vel eg bevisst ein vid tilnærming som gjev meg høve til å variere fleksibelt mellom fleire typar formidling. Dette omfatter også populærkulturelle uttrykk som reklame, og tv-serier i tillegg til kunstutrykk og tunge faglege kjelder. Så eg stiller ”bevæpna” med ei rekkje forskjellige inntrykks-måter, i møte med elevane, som eg har mulighet til å variere. I tilegg er det og viktig å variere forma kunnskapen blir formidla på. Det hjelper lite om eg blir ståenade oppe ved tavla og pøse på med mine tanker om det same på forskjellige måter. Eg passer derfor og på å variere læringsformene når det kjem til størrelsen på gruppene vi arbeider i, og min egen possisjon i klasserommet. Variasjon kan føre til at fleire opplever at dei kan følgje sine interesser og dermed bli motiverte for læring og utvikling. Teoretisk kunnskap er ikkje berre noko som kjem frå bøker. Det blir ofte utvikla og stimulert av arbeid med praktiske oppgåver. Ja, dette kan ofte vere eit godt utgangspunkt for vidare avanserte studiar og like bra som eit meir bokleg/teoretisk utgangspunkt. På den måten kan praktiske oppgåver nokre gonger skape nødvendig motivasjon for meir teoretiske studiar (Sunnmørsposten).
Gjentakingar og overlæring, forenkling av eller sette høgare mål for dei individuelle lærekrava kan bidra til å gjera det betre for den enkelte eleven i ei gitt oppgåve. Anten ved at eleven synes dei kan strekke seg etter noko dei ser dei kan klare, eller at dei ser at sjøl om dette er vanskeleg så vil dei klare det, sjøl om det kanskje er i den ytterste grense for kvad ei føler sjøl dei kan oppnå.
Det handlar om å gi utfordringar til alle, uansett kva nivå dei er på. Dei fagleg svake, så vel som dei fagleg sterke skal få noko dei kan bryne seg på. Samstundes skal dei vite at det er ei gulrot der framme som lokkar. At det er eit mål der dei kjenner sjøl at dei kan klare å få oppdraget dei har framfor seg i havn.
Smidigheit og bøyeligheit
Læring er mykje meir enn berre å lære bort og instruere elevar slik ein skal ifølge planane. Slik eg ser det må læraren vera fleksibel, sosial og inkluderande for å kunne oppretthalde eit produktivt og positivt læringsmiljø der ein inkluderer alle elevane i læringa. Læraren bør forbereda seg på ein slik måte at han har eit vidt spekter å nytta seg av, både det som angår form såvel som innhald. Elevar som blir inkludert i læringa ser ut til å klare utrette meir, og har ei større kjensle av meistring. Dette sjøl om det er elevar på fleire kunnskapnivåer i klasserommet. Læraren skal sjølsagt ikkje ha overnatulege evner der dei meistrer å nå alle, men må kunne evne vera fleksibel nok til å skape eit klassemiljø til ein effektiv, god og inkluderande stad å lære noko nytt.
Kilder:
Sunnmørsposten (2010)
Elevar utan motivasjon. Henta frå
http://www.smp.no/meninger/kommentar/article279995.ece