Friday 20 November 2009

Biodiesel


Stort sett synes eg at det som skjer av politikk i Norge er trist og trasig. Det er lite eg opplever som oppløftande. Spesielt tenker eg på dette som skjer for tida med Biodiesel. Det er godt mogleg at denne drivstofftypen ikkje er ideell, men å regelrett boikotte all bruk av biodiesel, slik dette i praksis er, er å sende eit signal til om at me ikkje vil vera med på utviklinga. Ei heller at me torer satse noko. Dette er vanskeleg, og eg ber deg derfor om å bruke den røysta du har, å sende klare meldingar til dei som skal ha det. Me vil ha ei betre verd, med redusert bruk av fossile brennstoff.

Monday 9 November 2009

NoKo jeans

Som du allerede veit var 6 november 1989 dagen då Berlinmuren falt. Idag er det ikkje så mange land i verda att som er lukka. Det er likevel nokre unntak, det mest kjente av desse unntaka er Nord Korea. Dette hermetisk lukka landet, med sine utsvoltne innbyggarar, er ekstremt vanskeleg å få innpass i. Dette har ei gruppe svensker forsøkt å endre. I eit kreativt forsøk på å få koma inn for å forsøke opne opp landet litt, har klart å få til kunststykket å få produsert jeans for seg. Desse buksene kan du finne ut meir om, og kanskje også skaffe deg eit par, og samstundes vera med på å bidra til eit endra og meir menneskevennleg Nord Korea.

HELLO IT'S Noko Jeans! from Noko Jeans on Vimeo.