Thursday 8 December 2011

Utvid iTunes


Det er fleire som har dårlige vibber på iTunes, og det har eg stor forståing for. Dei skrudde og absurde kopisperrene dei nyttar framstår stort sett som meiningslause. På andre sida er det, skal du vera etisk, ikkje mange stader der du faktisk kan få musikk, video, tv-serier, filmar, lydbøker og så bortetter til ein konkurrerande pris, og det spesielt om du nyttar deg av det å ha ein amerikansk iTunes konto!
Dette kan eg berre anbefale.
Oppskrifta for å kome igang er noko omstendeleg, men vel verdt det. Vidare kan du heller ikkje nytte norsk bankkort, men du må kjøpe deg gåvekort. Her finnst det fleire tilbydarar, men eg nyttar sjøl, og anbefaler denne, Jerry Cards. Dei tar eit mellomlegg på eit par dollar per gåvekort, men når du ser kva du får igjen, er dette kun supert! Her er ein direkte link til handlekorg med $10 til $13.99
Buy Now

Monday 28 November 2011

Kriseøl


Skulle det gå så gale i verden at me blir heilt tomme for øl, så har eg løysinga her. Eg trur ikkje at det vil smake som ein fortreffeleg og fin Pale Ale eller Lambic, men den vil kanskje kunne gi eit hint av noko dei kunne hatt i steinalderen...

Oppskrifta er:
Først må du ha surdeig:
1/4 liter mjøl blander du med like mykje vatn. Bland godt. Dekk til, og la stå i romtemperatur 1 døgn.

Dag 2.
Legg til ei spiseskjei mjøl og 1 dl vatn og rør inn og dekk til.
Dag 3:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Dag 4:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Day 5:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Day 6:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.

Så nå har du forberedt deg.
No skal du lage sjølve ølet.

Dag 1.
Bland 1 dl surdeig, med 1 dl vatn og 2 teskjeier honning. Dekk til med plastikk!
La stå i romtemperatur til væske og deig har skilt seg.
Ta væska over i eigen beholdar.

Filtrer surdeigsvæska gjennom ei sil, opp i ein ny behaldar.
Tøm 1 dl av væska i eit syltetøyglas for eksempel. Legg til 3 spiseskjeier malt-ekstrakt og 2 spiseskjeier honning. Bland i 2,5 dl varmt vatn. Rør godt. Dekk til med plastikk, la stå eit par dager.

Stikk om væska over på plastflasker, etter at det har gjæra nokre dagar. La den stå til flaska er hard.

Då kan du prøve å drikke!

Tuesday 20 September 2011

British Airways kjøper mitt bilde


Det er mange gode fordeler med å ta bilder. For det første er det morsom å ta bildene. Å bruke tid til å tenke dei ut, få bilde til slik som eg vil ha det. I tillegg å få det solgt og sjå det brukt. Det er eigentleg ganske skjeldent at eg finn ut kven som bruker bildene mine, ettersom det går gjennom byråer, derfor googler eg meg sjøl i bildesøk av og til for å holde meg oppdatert. Stor var då gleden då eg fann dette: British Airways, Highlife, Travel experiences from the experts. Dei hadde faktisk funne bildet mitt og hadde det på si side. Det ga eit skikkeleg kick.
Bildet er tatt på ein telttur med familien. Me satte opp telt og tente bål seint ein sommarkveld ved Lutsi i Sandnes. Resultatet ser du sjøl.

Sunday 6 February 2011

Om å improvisere som lærar




Fyrst og framst vil eg takke for så fine tilbakemeldingar på det eg skreiv om det å vera lærar, og slik eg tolker den oppgåva eg har i klasserommet. Det var virkeleg oppløftande, tusen takk for det.

Eg skal no freiste svare begges spørsmål. Slik eg forstår det, vil de vite korkret korleis eg utfører min elev-lærar praksis, og om det innebær at eg er forberedt slik at eg kan møte fleire eventuelle sitasjoner som skulle oppstå både mot den individuelle elev og mot grupper eller klassar.

Spørsmål fra Silje:
Hvordan varierer du læringsform og størrelse på gruppen?
Fyrst kartlegging gjennom felles oppgåve som er laga for å finne ut både teknisk og kunstnerisk nivå, så analyse for min eigen del av elevane. Så jobbe enkeltvis med tilbakemelding, både skriftleg og muntleg, for å gjera elevane merksomme på sine eigne sterke eller svake sider, så arbeid i grupper der vi møter læreplanen og elevanes behov. Fylle på kunnskap der jeg ser det mangler. For eksempel gjennom lys-kurs, der dei eg har sett trenger ekstra oppfølging får det.
Til sist sette saman gruppene slik at dei utfyller og komplementerer kvarandre og løyser ei ny, men mindre oppgåve saman, og forhåpentligvis lærer noko av kvarandre i dette gruppearbeidet. Her er jeg nøye med tett oppfølging fra min side.

Spørsmål fra Bjørn Ole:
Ja, eg legg inn høve for improvisasjon som ein del av undervisningen, nærmast som ein vane. Når eg sjøl nærmer meg eit fagfelt i mine førebuingar har eg mange assosiasjoner som eg har blitt bevisst på at eg å tar vare på og ”har tilgjengeleg”. Det kan være så enkelt som å ha en fyldig favorittside på youtube og gode bokmerker på nettet, men også å passe på å dele informasjon om utstillinger, kunst-happeninger, filosofiske og historiske referanser med elevene. Eg er blitt medviten på at kunnskap me tar for gitt ikkje nødvendigvis er ein del av ein syttenårings kvardag og passer på å bruke mine digresjoner og impulser aktivt i undervisningen.

Eg håper dette var svar på spørsmåla.

Sjøl underviser eg i praktiske fag, og har lang erfaring ifrå fotofaget; altså det å produsere eigne fotografier. Dette har gjort at eg har fleire gonger vore oppe i situasjonar der eg har måtte løyse oppgåver, både praktiske og teoretiske, tenkelege og utenkelege der og då, både som lærar og som utøvar. Dette har nok gjort sitt til at eg har fått praktisert det å finne alternative løysingar for problem som skulle oppstå. Ute i verda er tid penger, eit slitent uttrykk, men allikevel den harde realiteten. Kunden eller oppdragsgivaren har betalt deg mykje pengar og tar det for gitt at oppdraget blir løyst som avtalt. Naturlegvis kan ein ikkje ha ei så kynisk syn på skulearbeid, men ein kan dra nytte av denne erfaringa, og førebu elevane på eventuelle hindre som oppstår i arbeid med kunstneriske oppdrag, og lære dei tankebanar og porblemløysing, slik at ein ser alternative løysingar relativt raskt.