Friday 12 June 2009

Byplanlegging


Masdar, dette nye prosjektet i De Forente Arabiske Emirater er ingenting anna enn utruleg. Ein heil by, eit eige samfunn som på alle vis skal kunne generere sitt eige behov for energi, og på same tid ikkje avgi nokon formar for avgassar eller avfall. Dette er sterkt!

Thursday 11 June 2009

Spotify Playlists


Som mange av dykk som les desse sidene har funne ut, så er eg blitt ein ivrig tilhengar av Spotify. Denne nett-tenesta er min all time favoritt. Den er gratis, enkel og fullt lovleg, nesten for bra til å vera sann. Sanninga er at ikkje all musikk er tilgjengeleg, fleire store band, som heng igjen på feil side av millenniet, driv enno å held tilbake dette med å gjera musikken sin tilgjengeleg på nett. Eg tør påstå at det kan hende det blir mindre direkte sal av CDar, mp3 ol, men på andre sida kjem dei til å få fleire spelejobbar. På sikt trur eg det motsatte av det mange spår, eg trur det kjem til å florere av band, som idag, og i tillegg kjem dei til å ha fleire spelejobbar. Folk vil høyra først på EDBen sin, så går dei på konsert.
Vel, i alle fall så skal eg forsyna dykk med nokre spelelister til diverse bruk.

Denne er litt småfeminin og kan passa for festen som er i ferd med å koma igang, der folk er litt usikre men har eit forhold til 80-talet.

Denne er for festen der folk får velkomstdrink og har eit non-chalant og kosmopolitisk forhold til det å gå på fest. Fin, nostalgisk og veldig morosam.

Denne er for den eklektiske, som går på fest og faktisk er interessert i musikken som blir spela.

Denne består av tung, vaskekte glamorøs disco frå 70-talet. I fleire av desse banda var glitrande kostymer like viktige som den glitrande musikken.

Denne er utelukkande for festar der ein blir ledd av dersom ein skulle finne på noko så tåpeleg som å drikke vin. rØLp!

Denne er for nachspelet, eventuelt dagen derpå. Sløy, slapp jazz frå 60-talet.

Denne lista er i hovudsak for musikk som strengt tatt aldri burde blitt utgitt!