Sunday 6 February 2011

Om å improvisere som lærar




Fyrst og framst vil eg takke for så fine tilbakemeldingar på det eg skreiv om det å vera lærar, og slik eg tolker den oppgåva eg har i klasserommet. Det var virkeleg oppløftande, tusen takk for det.

Eg skal no freiste svare begges spørsmål. Slik eg forstår det, vil de vite korkret korleis eg utfører min elev-lærar praksis, og om det innebær at eg er forberedt slik at eg kan møte fleire eventuelle sitasjoner som skulle oppstå både mot den individuelle elev og mot grupper eller klassar.

Spørsmål fra Silje:
Hvordan varierer du læringsform og størrelse på gruppen?
Fyrst kartlegging gjennom felles oppgåve som er laga for å finne ut både teknisk og kunstnerisk nivå, så analyse for min eigen del av elevane. Så jobbe enkeltvis med tilbakemelding, både skriftleg og muntleg, for å gjera elevane merksomme på sine eigne sterke eller svake sider, så arbeid i grupper der vi møter læreplanen og elevanes behov. Fylle på kunnskap der jeg ser det mangler. For eksempel gjennom lys-kurs, der dei eg har sett trenger ekstra oppfølging får det.
Til sist sette saman gruppene slik at dei utfyller og komplementerer kvarandre og løyser ei ny, men mindre oppgåve saman, og forhåpentligvis lærer noko av kvarandre i dette gruppearbeidet. Her er jeg nøye med tett oppfølging fra min side.

Spørsmål fra Bjørn Ole:
Ja, eg legg inn høve for improvisasjon som ein del av undervisningen, nærmast som ein vane. Når eg sjøl nærmer meg eit fagfelt i mine førebuingar har eg mange assosiasjoner som eg har blitt bevisst på at eg å tar vare på og ”har tilgjengeleg”. Det kan være så enkelt som å ha en fyldig favorittside på youtube og gode bokmerker på nettet, men også å passe på å dele informasjon om utstillinger, kunst-happeninger, filosofiske og historiske referanser med elevene. Eg er blitt medviten på at kunnskap me tar for gitt ikkje nødvendigvis er ein del av ein syttenårings kvardag og passer på å bruke mine digresjoner og impulser aktivt i undervisningen.

Eg håper dette var svar på spørsmåla.

Sjøl underviser eg i praktiske fag, og har lang erfaring ifrå fotofaget; altså det å produsere eigne fotografier. Dette har gjort at eg har fleire gonger vore oppe i situasjonar der eg har måtte løyse oppgåver, både praktiske og teoretiske, tenkelege og utenkelege der og då, både som lærar og som utøvar. Dette har nok gjort sitt til at eg har fått praktisert det å finne alternative løysingar for problem som skulle oppstå. Ute i verda er tid penger, eit slitent uttrykk, men allikevel den harde realiteten. Kunden eller oppdragsgivaren har betalt deg mykje pengar og tar det for gitt at oppdraget blir løyst som avtalt. Naturlegvis kan ein ikkje ha ei så kynisk syn på skulearbeid, men ein kan dra nytte av denne erfaringa, og førebu elevane på eventuelle hindre som oppstår i arbeid med kunstneriske oppdrag, og lære dei tankebanar og porblemløysing, slik at ein ser alternative løysingar relativt raskt.