Monday 28 November 2011

Kriseøl


Skulle det gå så gale i verden at me blir heilt tomme for øl, så har eg løysinga her. Eg trur ikkje at det vil smake som ein fortreffeleg og fin Pale Ale eller Lambic, men den vil kanskje kunne gi eit hint av noko dei kunne hatt i steinalderen...

Oppskrifta er:
Først må du ha surdeig:
1/4 liter mjøl blander du med like mykje vatn. Bland godt. Dekk til, og la stå i romtemperatur 1 døgn.

Dag 2.
Legg til ei spiseskjei mjøl og 1 dl vatn og rør inn og dekk til.
Dag 3:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Dag 4:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Day 5:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.
Day 6:
Legg til 1 dl mjøl, rør, dekk til.

Så nå har du forberedt deg.
No skal du lage sjølve ølet.

Dag 1.
Bland 1 dl surdeig, med 1 dl vatn og 2 teskjeier honning. Dekk til med plastikk!
La stå i romtemperatur til væske og deig har skilt seg.
Ta væska over i eigen beholdar.

Filtrer surdeigsvæska gjennom ei sil, opp i ein ny behaldar.
Tøm 1 dl av væska i eit syltetøyglas for eksempel. Legg til 3 spiseskjeier malt-ekstrakt og 2 spiseskjeier honning. Bland i 2,5 dl varmt vatn. Rør godt. Dekk til med plastikk, la stå eit par dager.

Stikk om væska over på plastflasker, etter at det har gjæra nokre dagar. La den stå til flaska er hard.

Då kan du prøve å drikke!