Thursday, 11 June 2009

Spotify Playlists


Som mange av dykk som les desse sidene har funne ut, så er eg blitt ein ivrig tilhengar av Spotify. Denne nett-tenesta er min all time favoritt. Den er gratis, enkel og fullt lovleg, nesten for bra til å vera sann. Sanninga er at ikkje all musikk er tilgjengeleg, fleire store band, som heng igjen på feil side av millenniet, driv enno å held tilbake dette med å gjera musikken sin tilgjengeleg på nett. Eg tør påstå at det kan hende det blir mindre direkte sal av CDar, mp3 ol, men på andre sida kjem dei til å få fleire spelejobbar. På sikt trur eg det motsatte av det mange spår, eg trur det kjem til å florere av band, som idag, og i tillegg kjem dei til å ha fleire spelejobbar. Folk vil høyra først på EDBen sin, så går dei på konsert.
Vel, i alle fall så skal eg forsyna dykk med nokre spelelister til diverse bruk.

Denne er litt småfeminin og kan passa for festen som er i ferd med å koma igang, der folk er litt usikre men har eit forhold til 80-talet.

Denne er for festen der folk får velkomstdrink og har eit non-chalant og kosmopolitisk forhold til det å gå på fest. Fin, nostalgisk og veldig morosam.

Denne er for den eklektiske, som går på fest og faktisk er interessert i musikken som blir spela.

Denne består av tung, vaskekte glamorøs disco frå 70-talet. I fleire av desse banda var glitrande kostymer like viktige som den glitrande musikken.

Denne er utelukkande for festar der ein blir ledd av dersom ein skulle finne på noko så tåpeleg som å drikke vin. rØLp!

Denne er for nachspelet, eventuelt dagen derpå. Sløy, slapp jazz frå 60-talet.

Denne lista er i hovudsak for musikk som strengt tatt aldri burde blitt utgitt!

Monday, 11 May 2009

Earth Condominium


Condominium er eit heilt nytt ord for meg. Imidlertid tyder det eit eigarskap der alle har full rett til sin eigen del, og er samstundes forventa å vera opptatt av felleskapet. Eit slag kollektiv med andre ord.
Earth Condominium er eit portugisisk initiativ som ynskjer å sette igong, ikkje berre eit globalt teoretisk konsept, men også å skape ein modell for korleis me kan ivareta og oppretthalde vårt felles eige på konkret vis.
Dette er viktig!
For å lese meir om dette og deira radikale endringar for miljøvern: Earth Condominium

Thursday, 30 April 2009

The Green Team

Ganske ofte er det med stort alvor at alt som har med miljø og desslike blir behandla utan humor og totalt utan ironi.
Her er eit godt eksempel på at me skal kanskje revurdere den store alvoren me legg i det, og kanskje tillate oss å le av oss sjøl som faktisk føler oss forplikta til å resirkulere alt grapset vi har rundt oss.

Morro med videoredigering

Eg begynner bli litt lei av musikkvideoar. Stort sett er det den same oppskrifta, det finnst hederlege unnatak, men stort sett er dei det same. Musikken kan vera super, men videoen ber ofte preg av at her skal ein vera sinna eller veldig seriøs. Likevel, som sagt er det mange lysglimt i musikkvideoverden. Harry Brandelius, på mange måtar Sveriges svar på Jens Book-Jensen, har deltatt i denne videoen som den Svenske humorgruppa After Shave och Galenskaparane har laga. Denne er full av gode 80-tals videoredigeringstriks som ser utruleg tåpelege ut idag. Se og le.

Wednesday, 29 April 2009

Hill Spotify!


For dei som enno ikkje har begynt å bruka Spotify er det berre å seia, kom igang med det nå. Eg er heilt forelska! Dette er eineståande. Ikkje berre slepp eg å leita i ei trøtt og lei CD-samling, ei heller treng eg bla gjennom iTunes for å finne ut at denne songen ikkje er autorisert. No søker eg berre etter den songen, den artisten, den plata eg vil, så kjem den fortare enn du klarer sei samekniv.
Eg har lange deilige spelelister til den anledning eg vil, og alt er gratis! Litt reklame mellom kvar sjette song tåler. Eg gir meg over!
Her får du invitasjon til Spotify som du treng.
Prøv denne spelelista for cocktailpartyet ditt

Monday, 27 April 2009

Solpanel på taket


Til min store glede skal eg snart flytte inn i nytt hus. I dette huset ønsker eg å få det til slik at eg kan virkelig utnytte solenergi ved solpaneler, for å varme opp vatn. Eg er usikker på korleis eg skal løyse problemet med lys og liknande, ettersom det krev større mengder med batterier for lagring av akkumulert strøm.
I alle fall har eg kome til det at solpanel på taket er ein løysing for varming av vatn. Problemet er at det er lite å velge i, samt at det som er er veldig dyrt i innkjøp samt at det skal monterast.
Eg skal passe på å oppdatere her korleis eg løyser dette. Her er ein liten link om solpanel

Friday, 24 April 2009

Store vunder


Eg gidder ikkje lenger skrive på engelsk. Har sett på Google analytics at dei fleste som kjem til denne bloggen er norske, så då treng eg vel ikkje skrive på utanlandsk. Eg hadde vel litt for store tankar... :)
I alle fall, eg kjem stort sett til å fortsette i same leia emnemessig som no.
Så dersom du tykkjer det er interessant er eg glad for det.
Desverre har eg heller ikkje vore så hyppig med innlegg, men det er vel slik livet er med småbarn og full jobb. Forhåpentlegvis vil dette endre seg, smått om senn.