Wednesday, 23 January 2013
Internett er ferdig!
At det skulle ta slutt ein dag, har eg vel ikkje reflektert vidare over, men alt har jo ein ende. Så då eg kom over denne her, så tenkte eg berre: Ja, det er nok slik det er.
Tuesday, 11 December 2012
Julen i år bør bli rekordeffektiv
Det er typisk at ein skal ta det med ro i jula. Gløym det. Me lever berre ein gong, få det unna rask som bare det. Det er altfor mange andre ting som brenn meir. Det er utallige måtar å løysa dette på, her er berre eit forslag.
Kom gjerne med ditt bidrag!
Monday, 10 December 2012
Genial energi
Halvannan milliard mennesker i verda har ikkje tilgang til sikker straumkilde. Dette medfører at store mengder mennesker enno bruker parafinlampar. Slike lamper er svært brannfarlege og har ein viss helserisiko, eg tenker då spesielt på avgassar og røyk som kjem frå bruker av desse. Lyset dei produserer er i tillegg ganske svakt.
GravityLight
har løyst dette på genialt vis. Ved å bruke god gamaldags gravitasjon tar det berre 3 sekund å produsere 30 minutter med lys, gratis! Heilt supert.
GravityLight
har løyst dette på genialt vis. Ved å bruke god gamaldags gravitasjon tar det berre 3 sekund å produsere 30 minutter med lys, gratis! Heilt supert.
Wednesday, 28 November 2012
Pur undervisning
Eg har ikkje ord. Me mennesker er fleksible, for ikkje å snakke om å vera lærevillige. Dette er rørande. Utan mulighet for skulebygg, eigna stad, materiale, ressursar, likevel blir det gjennomført. All kred til disse!
Tuesday, 27 November 2012
Inspirasjon
Det er ikkje ofte eg kjem over ein blogg som kombinerer så mange ting som eg er interessert i. The Selby er ein av dei bloggane som eg synes inneheld utruleg mykje bra. Anten du er interessert i arkitektur, foto eller detaljar av alle slag er dette ein blogg å legge merke til. La deg bli inspirert!Thursday, 8 December 2011
Utvid iTunes
Det er fleire som har dårlige vibber på iTunes, og det har eg stor forståing for. Dei skrudde og absurde kopisperrene dei nyttar framstår stort sett som meiningslause. På andre sida er det, skal du vera etisk, ikkje mange stader der du faktisk kan få musikk, video, tv-serier, filmar, lydbøker og så bortetter til ein konkurrerande pris, og det spesielt om du nyttar deg av det å ha ein amerikansk iTunes konto!
Dette kan eg berre anbefale.
Oppskrifta for å kome igang er noko omstendeleg, men vel verdt det. Vidare kan du heller ikkje nytte norsk bankkort, men du må kjøpe deg gåvekort. Her finnst det fleire tilbydarar, men eg nyttar sjøl, og anbefaler denne, Jerry Cards. Dei tar eit mellomlegg på eit par dollar per gåvekort, men når du ser kva du får igjen, er dette kun supert! Her er ein direkte link til handlekorg med $10 til $13.99

Subscribe to:
Posts (Atom)




