Thursday 22 April 2010

IKT i skulekvardagen


Det å bruka data i skulen, med alt det som det inneber, har fleire sider. I utgangspunktet tykkjer eg at det er enno mykje motstand og usikkerheit i samband med det å tenke at informasjon skal vera tilgjengeleg i så stor grad som det er på nettet. Slik eg ser det, etter å ha brukt nettet aktivt i fleirfoldige år, er nettaktivitet noko ein skal oppfordre til. Ikkje fordi ein skal legge ut all slag personleg informasjon, men fordi ein sjøl skal bidra. Me som er erfarne og har eit forhold til arbeidsplassen, elevar og så bortetter har god kunnskap i dette å vera sosial. Difor tykkjer eg at det er viktig at me er med på å bidra til at utviklinga kan gå noko meir i retning av at nettbruk blir noko ein kan nytte aktivt og ikkje berre la seg underhalde av...

2 comments:

fruen said...

Hei på deg. Er samd i det du skriv her. Men for meg som er nybegynnar i bloggverda er det ein del å læra.

fruen said...

:-)